Over ein million libanesarar er tvangsfordrivne etter åtaka frå Israel den siste månaden. På loppemarknaden i Munkeparken 11. april skal alt av inntekt gå til organisasjonen Beit el Baraka som leverer mat og anna hjelp til familiar på flukt. I tillegg går noko av arbeidet deira til å frakta hjelp til folk som har blitt att i Sør-Libanon, trass åtak eller truslar om åtak.
Du finn fine lopper av ulike slag, samt kaffi og kaker.
Parken ligg i Schweigaards gate i Gamlebyen, rett ved Arv Kaffe og Retro.