av Samvirkelaget Rosa Bøker
Visning av videoen «Fuglinne/Birdess» av Anne-Lise Stenseth + dikt av Elisabeth Mathisen + tekst av Anne-Lise Stenseth
«Fuglinne / Birdess», 2001, 23:27 min. engelsk teksting
Visninga blir eit gjensyn med videoen «Fuglinne / Birdess» som er ein dokumentar om kunstnaren, pedagogen og fuglevernaren Yngvil Teigen (1939-2025) sitt forhold til fuglar. Videoen som er frå 2001 viser Teigens nærast altoppslukande omsorg for byens fuglar. Foreldrelause fostrast opp, skadde, svoltne og "heimlause" vert hjelpne tilbake til eit sjølvstendig fugleliv.
Eg ser på det å vere besett av noko, i dette tilfellet fuglar, som ein ekvivalent til kunstnarens ynskje om å uttrykke seg. Ved å følge og registrere Teigens relasjon til dei fuglane ho pleier over ein treårsperiode, fokuserer videoen på det usedvanlege forholdet "Fuglinna" har til "sine" fuglar, kunnskapen om dei og den grunnleggande rolla dette spelar i livet hennar.
«Stenseth's work often creates a sense of insecurity and dissonance by pointing at the framework that defines social convention. This film documents the artist Yngvil Teigen as she goes about her daily business of caring for wild birds, for the well being of which she feels deeply. Her house has been given over to the birds, where they fly around freely. This chaotic domestic scenario is intriguingly contrasted with her calm logic and authoritative knowledge of birds. This is a warm and heartening account of human kindness, which also portrays an uncomfortable and unnerving disregard of conventional life.» (Berwick upon Tweed Film & Media Arts Festival, 2005)
Initiativet til denne kvelden spring ut ifrå arbeidet i eit skrivekurs på Rosa bøker under leiing av Kjersti Bronken Senderud.
Anne-Lise Stenseth er bildekunstnar med bakgrunn frå Bergen Kunst og Håndverkskole, Kunstakademiet i Oslo og Forfatterstudiet ved Universitetet i Tromsø. Stenseth har omfattande utstillingsverksemd i inn og utland og har i mange år arbeidd med audiovisuelle forteljingar med bevegelege bilder, lyd og tekst.
Elisabeth Mathisen er billedkunstner med bakgrunn fra Statens kunstakademi og Forfatterstudiet ved Universitetet i Tromsø. Mathisen har omfattande utstillingsvirksomhet i inn og utland og arbeider med tegning, grafikk, maleri og tekst.